18. feb, 2022

Tilbake til det eg elskar!

ENDELEG ser det ut for at me få "liva våre tilbake". Det har nesten kjentes som me ufrivillig har vert frarøva liva våre. Nå går det mot lysare tider, både i kvardagen og i årstida - DET kan eg lika:)

Eg synes det er like kjekt kvar einaste gong eg står på scenen, og eg er takknemlig for alle som kjem for å høyre på meg. I år skal eg nok fortsette som eg har gjort dei siste åra, nemleg nyte musikken og livet mitt.

Eg har planar om ein ny utgivelse i år. Denne gongen ein norsk single. Ikkje i min vanlige stil, men det gjer ingenting. Eg hadde lyst å lage ein litt meir feststemt låt, så då gjorde eg det.

Til sommaren skal eg på Norges-jobbe-ferie! Eg, Martin(altså...gitaren) og Hobbiten(altså...campingvogna) På mange måtar kjennes det ut som eg skal på ferie, men det underliggande målet er å sanke inspirasjon. Være i stillhet, nyte naturen, kanskje treff eg nye folk å snakke med, det hadde sjølvsagt vore kjekt. Eg ser mykje innover når eg skriv songar, og det kjem eg nok til å fortsette med. Det er det som gir meg noko, og eg har bestemt meg for at eg må skriva om det som betyr noko for meg - så er bonusen at andre folk også likar det.

Noko av det eg synes er så spennande med å vera låtskrivar, er at eg kan gjere akkurat som eg ønsker, eg kan gjere det som fell meg inn i øyeblikket. Eg treng ikkje gi ut alle låtane, men eg kan skrive alle eg vil. Eller alle eg får til;) Det er mange songar som ligg på vent, nokre har fått stikkord, andre ein liten tanke om ein melodi. Atter andre songar, ligg inn meg. Songar eg ikkje har fått tak i enda. Det er berre følelsen, det er ein song der inne...ein plass...:)

Så, gjennom mine mange mil, og mange veker i sommar, så skal eg sanka alt eg kan få tak i, skrive alt eg klarar, synge og nynne alt sjela mi treng. 

Når jobb og ferie går over i kvarandre, og mine nære og kjære støttar meg, då har eg all grunn til å vere:

❤Takknemlig for livet mitt❤

19. des, 2021

Tankar i natta...

Ja, nå hadde eg eigentleg tenkt at eg skulle vert i gang med å bygge "Tiny-huset" mitt. I staden enda eg opp med å kjøpe meg eit lite rekkehus i Skjold. Det har nok aldri vert drømmen min det, men akkurat i dag, så er det her eg lever og bur. Å bu i eit skikkelig hus har sjølsagt mange fordelar, spesielt med alle fasilitetar som er vanlege for dei fleste i dag. 

Eg har budd på 15 kvm i halvanna år. I ei enkel campinghytte som heilt sikkert var isolert litt ein eller anna gong då den vart bygd, men som nå er ganske trekkfull:) Om sommaren hadde eg kaldt vatn i ein hageslange i gangen. På hybelkomfyren kunne eg laga dei middagane eg hadde lyst på. Sist vinter bar eg vatn i kanner, og eg måtte gå ut for å gå på toalettet, ta ein dusj osv. Eg stortrivdes på hytta mi, men eg hadde eit ønske om noko som var mitt eige, og sjølsagt innlagt vatn, toalett og dusj. 

Den roen og freden eg hadde i sjela mi når eg budde på hytta, kan ikkje måla seg med noko anna. Stillheten som eg alltid har trengt. Eg finn ingen ord som kan beskriva den følelsen. Eg trur rett og slett det må opplevast for å forstå. Jammen er det mange fordelar med å bu så enkelt óg! 

Den viktigaste grunnen til at eg ville bu som eg gjer nå, er sjølvsagt ungane og barnebarna mine. Det er veldig stas å kunne ha dei på middag, uavhengig av vér og kva dag det var. På hytta måtte det være fint vér, fordi det var ikkje plass til meir enn 3-4 stk inne. I tillegg tok det éin time for dei å køyre til meg, noko som gjorde det vanskeleg i kvardagen med jobb og små ungar. 

Nå bur eg berre nokre få meter frå eldste son min, så barnebarna kan komme innom meg kvar dag. Han minste, på 5 år, kjem kvar einaste dag, og det er heilt fantastisk! Å få åleinetid med han, kose oss med kjeks og brus, sjå på TV, snakke og le. Det er så magisk, at eg får heilt vondt når eg kjenner at eg aller helst ville budd på ein anna måte. 

Korleis kan eg klare å flytte inn på hytta til påske? Eg veit sanneleg ikkje. Ungar og barnebarn er verdiar som ikkje kan måle seg me noko anna, samtidig som eg skal ta vare på meg sjølv. Det er ein kabal som eg ikkje veit korleis eg skal løyse i dag. Heldigvis så treng eg ikkje svar på alt akkurat no, men FOR ein prosess som har starta i hovudet mitt. Eg kan jo ikkje bu begge plasser. 

Eg har aldri sett på meg sjølv som eit A4 menneske, meir som den som har prøvd å leve som "folk flest". Prøvd å tilpasse meg denne verda, og måten me lever på i dagens samfunn. Eg ser sjølvsagt mange fordelar med det, men for min del så er det også mykje indre stress med det. Eg merkar for eksempel at straks eg var komen meg i hus, så kom alle ønske og behova som dei fleste andre mennesker har. Nye ting me liksom treng. Eg vil ikkje ha det sånn. Eg vil ikkje ha dei ønska og behova. For meg så er det berre eit jag etter ei lukke som ikkje gir meg ekte lukke. Samtidig så kjøper eg meg nye, fine ting, ønsker meg stadig noko, tenker at "berre eg får DET eller DET", så blir det bra. Det gjer ikkje det for meg. Det er ikkje materalistiske ting som gir meg lukke. For meg så handlar livet om å være ekte, kjenne på følelsar, skape noko, leve dag for dag uten å stadig vere på leit etter noko anna som kan gi meg lukke. Den lukka ein kjøper varer så uendeleg kort. Lukka ein skaper inni seg varer på ein heilt anna måte. 

Så kva gjer eg i Skjold i eit nytt hus? På mange måtar kjennes det ut som eg er på rett plass for øyeblikket. Eg lever livet, dag for dag, mens eg tenker at dette er heimen min for ei stund, ein slags mellomstasjon til eg landar på det som er HEILT RETT for meg. 

Og den største gleda har eg heilt i nærleiken;

❤ungane mine og barnebarna mine❤

 

 

 

 

21. sep, 2021

Ny EP 9. oktober 2021

Singelen Hey You (Little Me) er ute på alle strømmetjenester. Nå nærmar det seg tid for å sleppe dei siste 4 låtane. 9.oktober er altså datoen for release.

Dette "koronaåret" har vore veldig spesielt, men sjølv om det ikkje har vore mange jobbar, så har det vore veldig nyttig med tanke på utgivelse av ny musikk. Det er tidkrevande å gi ut musikk. Skriving og komponering krev sitt. Så har ein innspelingar, og utgivelse. Innimellom desse tinga foregår det mykje tankearbeid, læring av nye ting, øving, forandringar, venting osv. Ventetida er lang når ein ventar, men plutseleg går tida alt for fort, og "deadline" stressar ein sånn, at ein ikkje skjønar korleis ein skal rekke over alt. Det hjelper sjølvsagt ikkje at ein ikkje kan alt frå før heller;) 

Når det er sagt, så er eg strålande fornøyd med dei 5 nye låtane mine. Eg håpar at du som lyttar sit igjen med ein god følelse når du høyrer dei:)

Utover EP utgivelse, så kan eg sei at eg er strålande fornøyd med at koronarestriksjonane ENDELEG ser ut til å minke, også i kulturbransjen! Eg har spelejobbar, publikum er glade for å få høyre live musikk igjen, og ikkje minst å få komme seg ut blandt folk igjen. Eg har også bestilt meg etterlengta konsertbillettar i haust, og gler meg stort til å få være publikummar eg også! Det ser rett og slett ut for at alle partar synes dette er ei god tid.

❤La oss håpe at det fortsetter sånn❤

 

9. aug, 2021

Ny musikkutgivelse

Nå nærmar det seg utgiving av singelen Hey You (Little Me). EP kjem seinare i haust. Det har vert mykje arbeid, og fremdeles gjenstår det eindel før eg er heilt i mål. Det å drive med musikk er heilt fantastisk! Fantastisk kjekt, og fantastisk utmattande;) 

Heile livet har eg hatt musikken i meg, som ei drivkraft, som noko eg ikkje har kunna gøyma vekk. Eg har ikkje alltid vore like flink å drive meg sjølv framover, men eg synes eg kjem meg. Det er ikkje så mykje som kjem "rekande på ei fjøl" - og det har sannelig ikkje musikken gjort for meg heller. Veien fram til der eg er no, har vert ein berg og dalbane, men for ei glede det har vert mesteparten av tida. Og når dalane har vore djupare enn eg kunne tenke meg, så har eg funnet støtte, trøst og glede i musikken, både min eigen, og andres. 

Det er ikkje mykje som kan måle seg med gleda over å få til noko, og har kampen vore tøff, så er seieren større:)

Hadde det berre vert å synge, så hadde dette berre vert ein lek, men det er så mykje anna som skal til når ein skal gi ut musikk. Premien er verdt å vente på: MINE songar blir utgitt - av MEG - HEILT PÅ EIGENHÅND! 

Akkurat nå sit eg og ventar på filer fra Nashville, så det blir nok nokre timar til eg kan finne senga i dag. 

13. mai, 2021

"Go Tiny" - ikkje for alle - men kanskje for meg:)

Eg vil "Go Tiny" - altså kjøpe meg eit Mikrohus på hjul. 

Eg har lenge drømt å bu lite, mange lurer på korfor. Nokre syns det høyres veldig kult ut, mens andre nærmast får sjokk. Me er så vant med å ha store hus, store leiligheter, mange ting, mange rom. Masse av alt egentlig. 

For meg, så er denne drømmen om å bu lite - STOR! Eg har stort sett dei samme behova som dei fleste i dagens samfunn har: Me vil alltid ha meir! Større hus, større sove, større kjøkken, større hage, større/dyrare bil. Nye møbler, nye klær... Sånn kan ein fortsette i det uendelige! Me får aldri nok = me blir aldri fornøyde.

Eg vil ikkje ha det sånn lenger! Eg vil ikkje ha desse ønskene lenger! Eg vil ha fokus på familien min, meg sjølv, mitt indre, musikken min, ha tid til å kjenne etter korleis EG HAR DET! Skal eg klare dette, så er eg avhengig av å ikkje ha plass til alle desse ønskene dei fleste av oss har - all denne materialismen. Det er ikkje me som eig tinga, det er som regel tinga som eig oss. Ingenting får me med oss "der me fer" heller, så korfor ikkje bruke livet på dei indre verdiane istaden. 

Tenk berre å bruke SÅ lite tid på husarbeid! Eg får stjerne i augene berre av å tenke på det...hehehe... 

Eg er ein samlar, så det blir ikkje enkelt for meg å kvitte meg med mange av tinga mine! Eg har heldigvis nedskalert dei siste åra, etter å ha flytta i mindre og mindre hus/leiligheter. Eg har blitt meir bevisst på kva eg egentlig trenger, og det gjere godt. 

Det siste året har eg budd på 15 kvm - uten toalett og dusj. I vinter hadde eg ikkje innlagt vatn heller. Sommarstid har eg kaldt vatn inn i hytta via ein hageslange. Eg har altså kosa meg så inderlig denne vinteren, at eg kan ikkje forklara kva det har gjort med meg! Tid til å tenke, tid til indre ro❤ 

Eg har kjøpt meg tomt, så nå manglar berre drømmehuset. Etter sommaren startar gravearbeidet, så utover hausten tenker eg det skjer masse spennande❤

 

❤Takknemlig for livet mitt❤